top of page

Med eigne ord

Gjennom alle dei aÌŠra eg har laga bilete, har eg arbeidd utifraÌŠ magefølelse og intuisjon - ikkje gjennomtenkte planar med definerte maÌŠl. Eg er fyrst og fremst ein som gjer - og i liten grad ein som fantaserar. Det viktige er kvar dag aÌŠ gaÌŠ i gang med arbeidet, aÌŠ skapa seg rom for biletskaping.

​

Eg har vore biletkunstnar i 50 aÌŠr og smaÌŠbrukar i dei siste 30. Eg lever i kontinuerleg visuell dialog med prosessane i landskapet rundt meg. Bileta oppstaÌŠr i det estetiske kaoset av greiner, spirer og knoppar, forfall og rotning, tomsekker og landbruksplast. Kvar morgon sit eg her, mellom høge fjell paÌŠ Vestlandet, og nyttar frokosttimen til aÌŠ faÌŠ inspirasjon fraÌŠ kunstkanalar paÌŠ YouTube og ulike nettstader. Eg er i tunet mitt heime, men eg er oÌ€g i den store verda der ute.

​

Eg skal foÌ‚ra sauene, løfter ein 500 kilos rundballe; under den har krafta i spirane kjempa seg mot lyset - trass i eit mørkt tungt press. Eit grafisk avtrykk paÌŠ marka. Eg ser det, det er umogeleg aÌŠ velja aÌŠ ikkje ha sett det. Biletet krev aÌŠ bli teke.

​

I vedaskogen finn eg kvistdungar, biomasse i forraÌŠtnelse, lyssett i eit livgivande sollys. Bilete som oÌ€g forlangar aÌŠ bli tekne. PaÌŠ enga vaÌŠr veks høymole, eit frykta ugras. Dei prikka blada er dødsmerkte av sjukdom. Eg ser bilete, tek inn blad, turkar, fotograferar og bearbeidar paÌŠ skjerm. Naboen har avliva rev og dei flaÌŠdde skrottane ligg i dungar ute i snøen. Utan den dyrebare pelsen, grotesk grinande mot meg. OgsaÌŠ dette motivet krev meg.

 

Kvistdungar, turre blad, frostsprekt is, landbruksplast, planterøter, dyrelik: – arbeidet mitt har eit uttrykk, ein retning, ein estetikk.

​

Eg vil mest av alt laga nye bilete, eksperimentera med digitale teknikkar og ulike format og materiale, produsera.

 

Eg utviklar biletuttrykket mitt gjennom arbeid og utprøving, lagring og nyvurdering – og enno meir arbeid og utprøving. PaÌŠ denne maÌŠten har eg over tid opparbeidd et stort volum verk eller ein stor katalog.

​

Eg vil vidareutvikla det abstrakte uttrykket med organiske element. Men eg har ogsaÌŠ lyst til aÌŠ arbeida med avfall, plast og anna raÌŠstoff. Eg vil sjaÌŠ det opplagte og forbigaÌŠtte paÌŠ ein ny maÌŠte, og gjera bilete av det som meir tradisjonelt ikkje er motiv. Eg tenkjer verk i store format. Dei er vel kanskje innafor genren "new topographics". Desse fargebileta er for meg paÌŠ ein god maÌŠte utfordrande, og paÌŠ kanten av mi "visuelle komfortsone" - altsaÌŠ eit godt kriterium til aÌŠ fortsetja.

​

Eg arbeidar parallelt i fleire seriar, vekslar mellom dei. Er ikkje ferdig med kvistdungar og andre haugar, det klassiske svartkvitt fotografiet.

​

Når eg arbeidar med klassisk svart kvitt fotografi – altsaÌŠ film som eg framkallar i mørkerom, skannar eg negativet med høg oppløysing. Dette er eit medium som tek vare paÌŠ detaljrikdomen, motiva let seg reprodusera i store format. Men ogsaÌŠ digitalkameraet – eg arbeidar no med eit Fujifilm GFX 100s – gjev svært tilfredsstillande detaljrikdom.

​

Nokre prosjekt gjer eg paÌŠ garden heime. Andre krev reising ut, som fargebileta i serien "gjennom.no", som vart tekne i fart ut gjennom bussvindauge fraÌŠ Vardø til Kristiansand. Og serien med svart-kvitt bilete av born sine leikehytter, "Utsiktspunkt og gøymestad", som er fraÌŠ heile Sør-Norge.

portrett Jens sv hv retusjert2.jpg
bottom of page